FIRDA: – Eg er meganervøs for laurdag, seier Arian.
Førdianaren jobbar til vanleg i radioprogrammet Studio P3, og har tidlegare vore programleiar for både VG-lista og P3-aksjonen. I vinter har ho leia delfinalane i Melodi Grand Prix i beste sendetid på NRK saman med makker Stian «Staysman» Thorbjørnsen. I helga ventar finalesendinga.
– Det har først og fremst vore veldig, veldig gøy. Men nervar kjenner eg definitivt på, innrømmer Arian.
Før første sending var Arian veldig spent.
– Eg var kjempeletta for å ha komme meg gjennom. Eg følte det gjekk bra, vi hadde god energi og folk var fornøgde.
Desse kjenslene får derimot ikkje sitte i lenge, for snart ventar ny sending.
– Etter kvar laurdag tenker eg at det var ei god sending, men så er det rett på ny sending. Eg rekk knapt å lande.
Etter tre sendingar klarar Arian likevel ikkje å senke skuldrene heilt endå.
– Eg klarar ikkje å puste letta ut og tenke at det har gått bra før den siste sendinga har gått bra. Eg gler meg til finalesendinga, men eg gler meg også til å kunne sjå tilbake på heile reisa, og tenke: Shit, vi gjorde det!
Får gode tilbakemeldingar frå fansen
Under tredje og siste delfinale benka 645.000 sjåarar seg framfor TV-skjermen. Dette er ein auke frå delfinalane i fjor.
– Folk har vore utelukkande positive, kan Arian fortelje om tilbakemeldingane etter delfinalane.
Grand prix-entusiast Anders Tangen stemmer godt i med dette. Han har skrive blogg om Melodi Grand Prix sidan 2009, driv eigen grand prix-podkast året rundt, og står bak Facebook-gruppa «Tangens grand prix-boble». Han har tatt temperaturen på stemninga rundt årets MGP.
Tangen har vore på kvar einaste norske MGP-finale sidan 1984, og har sett fleire programleiarar kome og gå. Han er svært fornøgd med Arian under årets MGP. Han trekker særleg fram humør og musikkredibilitet som årsaker til den gode mottakinga hos fansen.
– Vi er særleg fornøgd med at årets programleiarar har ein eigarskap til MGP. Det verkar som dei har eit eige hjarte for musikk og for MGP. Arian viser at ho har eigarskap til musikk gjennom P3-bakgrunnen sin og tek med litt kulheitsfaktor inn i det. Ho står for det, og ein kan sjå i blikket hennar at der ikkje er noko ironisk distanse til det ho gjer.
Han legg til at nokre gjerne kan sjå litt ned på MGP og tenke at det berre treffer visse grupper. Men slik er det ikkje, presiserer han.
– Dei som ser MGP er hovudsakleg interessert i musikken, og Arian er med på å løfte fram musikkfokuset i MGP.
Tangen er spent på finalesendinga til helga. Den varer i to og ein halv time, og når framføringa av låtane berre varer i rundt 30 minutt, lurer han på kva dei resterande to timane skal fyllast med.
– Der har Arian ei morosam utfordring som eg gler meg til å sjå henne løyse, ler Tangen.
– Eg kan framleis vere meg sjølv
Til vanleg jobbar Arian som programleiar i P3. Overgangen frå radio til TV har bestått i mykje likt og mykje nytt. Der skapar dei rammene sjølv, kan ho fortelje, det er ingen vaksne som passar på.
– I MGP er det meir ordna former og det er mange ting som skal gå heilt riktig. Ein skal seie akkurat den tingen for at riktig grafikk skal bli utløyst.
Trass i dette føler Arian ho framleis kan vere seg sjølv.
– Sjølv om eg er i eit anna format føler eg at eg framleis kan vere lik den eg er til vanleg, lik den eg får vist fram i P3-samanheng. Eg føler eg framleis kan vere meg, snakke mitt språk, vere ekte og vere meg sjølv.
Sjølv om MGP treffer eit litt anna publikum enn det ho er van med gjennom radio, føler ikkje Arian på at ho treng å vere noko annleis.
– Eg er trygg på at ein grunn til at eg har fått denne jobben er fordi eg er den eg er. MGP treffer eit større og breiare publikum, og det er heller konseptet, at det handlar om artistane, som gjer at det appellerer til eit større publikum.
Høyrer opptak av manus på t-bana
Finalesendinga på laurdag er større enn delfinalane Arian har leia hittil. Dei flyttar også til ein større arena og det er fleire i publikum.
– Det blir som eit heilt nytt TV-show og det er nokre ting vi må gå gjennom, men vi har ein plan for korleis vi skal få øvd på alt så det blir bra til laurdag, seier Arian.
Arian har ingen faste ritual før sending, men éin ting tyr ho til i førebuingane.
Ho tek taleopptak av seg sjølv der ho går gjennom heile manus. I dagane opp mot sending, står opptaket på heile tida. Ho lyttar til seg sjølv både på t-bana og framfor sminkespegelen.
– Eg veit ikkje om det funkar, men i mitt hovud føler eg det kjem meir og meir inn i underbevisstheita, ler ho.
Ho innrømmer at det er medprogramleiar Stian Thorbjørnsen som ofte møter opp mest førebudd.
– Ein skulle kanskje tru at han berre er fest og moro, men han er også veldig profesjonell. Eg har alltid vore litt flink jente, men det er alltid han som kan manuset først. Då har eg måtta ha gått litt i meg sjølv og tenkt: Viss Stian er der, må eg òg opp i ringane!
Arian brukar mykje tid med Thorbjørnsen. Ho beskriv han som ein skikkeleg artig og humørfylt type, som både er inkluderande og omtenksam. Stemninga mellom dei er veldig god, og saman har dei danna ein tradisjon bak scena kvar laurdag etter sending.
– Stian har kjøpt inn pils, og den står klar, så då er det rett opp på rommet etter sending for å jekke den. Så har vi det veldig hyggeleg saman.
Meirsmak for TV
Arian jobbar først og fremst med radio i P3, men etter å ha vore programleiar for MGP har ho fått meirsmak for TV.
– Eg har jo erfaringar med VG-lista frå før, men det er ikkje heilt det same. Det er noko som er likt med å jobbe med TV, men mykje er nytt. Eg har fått mange nye erfaringar og blitt kjent med masse nye menneske. Eg har hatt det skikkeleg, skikkeleg gøy.
– Ser du for deg å ta liknande TV-jobbar i framtida, og i tilfelle, kva slags?
– Eg har fått dette spørsmålet nokre gongar og eg torer rett og slett ikkje å svare på det. Eg er redd for å «jinxe» det, ler Arian.
Ho fortel at det ikkje alltid berre er henne sjølv og eigne prestasjonar som avgjer, så det løner seg ikkje alltid å satse berre i eitt spor.
– Eg kan ikkje vente på at nokon andre skal gi meg ein jobb. Då vil eg heller druse på og gjere den jobben eg har, så godt som mogleg.
MGP-jobben har gitt Arian ein liten vekkar på kor gøy ho synest den vanlege jobben hennar også er. Ho ser fram til å halde fram i P3, og gler seg til tida framover.
– Eg synest TV er kjempegøy, men det som er viktig for meg er å vite at eg har ein heimstad i Studio P3. Vi har mange gøye tankar og idéar om 2023 som vi har lyst å gjennomføre.