Det har oppstått ei vådeskotsulukke under jakt i Fjaler måndag morgon, melder politiet på twitter. Politiet skal ha blitt varsla om hendinga like før klokka sju i dag tidleg.

Ein jeger skal ha skote seg sjølv i låret/setepartiet med ei rifle. Den uheldige jegeren skal vere vaken og ved medvit og har blitt frakta til Førde sentralsjukehus for behandling.