Funnet vert vurdert som kommersielt interessant, blant anna fordi det kan utnytte eksisterande infrastruktur knytt til Troll B-plattforma melder Equinor i ei pressemelding.
– Funnet vert kalla Heisenberg og brønnen blei bora av riggen Deepsea Stavanger. Equinor er operatør og DNO er partnar.
Voluma er berekna til å vere mellom 24 og 84 millionar fat oljeekvivalentar, med noko meir olje enn gass.
– Det er behov for ein avgrensingsbrønn for å få eit meir presist estimat av størrelsen før ein kan konkludere om voluma kan ut vinnast. Det vert vurdert å bore avgrensingsbrønnen i 2024, melder dei.
– Med funn i åtte av ni leitebrønnar nærmar vi oss ein funnrate på 90 %. Vi planlegg å leite vidare i området, samtidig som vi ser på moglege løysningar for utbygging for funna som er gjort, seier Geir Sørtveit, områdedirektør for Utforsking og produksjon Vest i Equinor.