Endre Kupen er sjuk

SJUK: Endre Kupen slit med influensa og er usikker før heimekampen mot Arendal søndag. Foto: Dag Nesbø Frøyen

SJUK: Endre Kupen slit med influensa og er usikker før heimekampen mot Arendal søndag. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: – Det er nokre dagar til søndag, så eg håper at han rekk det.

DEL

Det seier Terje Rognsø som helst vil ha superspissen klar. Frå før av har han både stopparkjempa Runar Hove og midtbaneløva Peter Aase suspendert på grunn av gule kort. Det kan ikkje seiast å vere det beste utgangspunktet før ein heimekamp.

– Dei det har vore litt rusk i det siste, seier Rognsø og legg til at dette er ting dei ikkje får gjort noko med. Dei kjem til å stille elleve mann til start på søndag og håpet er at dei skal ha det som skal til for å ta alle poenga frå jumboen Arendal.

– Arendal slo Jerv 3-2 borte på gras sist og har kvalitetar. Dei speler med stor risiko for tida då dei er desperate etter sigrar og tre poeng. Det skapar opningar for oss, seier florøtrenaren. Han meiner det ikkje har vore ein uviktig kamp denne sesongen på grunn av dei fire kvalifiseringsplassane.

– Dette som gjer Obos-ligaen ekstra spennande, seier han.

Artikkeltags