Arbeidsløysa flatar ut- 2630 ledige jobbar

Det er flest arbeidsledige innan transport og reiseliv.

Det er flest arbeidsledige innan transport og reiseliv. Foto:

I Vestland er det 2630 ledige stillingar som 33.418 arbeidslause kan søkje på.

DEL

Det gledelege er at det er under 100 nye ledige i Vestland siste to vekene. Arbeidsløysa tilsvarer no 9,9 prosent av arbeidstyrken.

Etter ei historisk vekst i arbeidsløysa dei siste vekene, ser kurven no ut til å flate ut.

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, seier ho ser nokre lysglimt i ei vanskeleg situasjon.

– Eg vil minne om dei 2630 ledige stillingane i Vestland fylke som du finn på arbeidsplassen.no. Dette er godt nytt for alle som no er utan arbeid. Sjølv om dei aller fleste som er permittert vonleg skal tilbake til same jobb når samfunnet opnar opp igjen, vil eg oppmode alle til å sjå på mogelegheitene for ein mellombels jobb eller jobbskifte om det er aktuelt, seier Bogsnes.

Mange ledige innan reiseliv og transport

Innan helsesektoren er det mange samfunnskritiske jobbar som må dekkast opp. Bogsnes oppmodar permittert til å ta ein prat med arbeidsgjevaren sin før dei eventuelt søkjer anna arbeid.

– Ein mellombels jobb kan ofte gje deg erfaring og fagleg påfyll som du kan ta med deg tilbake bedrifta di når den startar opp igjen, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan reiseliv og transport (6103), butikk- og salsarbeid (4976) og serviceyrke (4761), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (231), akademiske yrke (328) og blant meklarar og konsulentar (707).

Flest ledige i Aurland

Flest ledige utanfor Bergen finn vi i Øygarden (2088 personer), Askøy (1521 personer) og i Bjørnafjorden (1279 personer). I Bergen kommune er det no 17.906 ledige.

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (21,4 %), Hyllestad (17,1 %) og Ulvik (13,3 %) medan Fjaler (3,6 %), Gulen (3,9 %) og Masfjorden (3,7 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.


Artikkeltags