Gå til sidens hovedinnhold

I disse yrkene er det størst forskjell på lønna til menn og kvinner

Artikkelen er over 3 år gammel

I berre 14 av 245 yrke tener kvinner like godt eller betre enn menn. Sjekk kva kvinneløna er i ditt yrke.

(FriFagbevegelse.no) Ei kvinne tente i snitt 88 prosent av ein manns løn i 2017, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Menn hadde ei gjennomsnittleg månadsløn på 49.230 kroner i fjor, medan kvinnene berre drog inn 43.370 kroner. Det betyr at menn tener heile 5.860 kroner meir enn kvinner.

Den største forskjellen finn vi blant finansmeglarane, der kvinner tente nesten 50.000 kroner mindre enn mennene.

Størst forskjell i den andre retninga, er det blant kjøkkenassistentane, der ei kvinne i snitt tener 1.400 kroner meir enn ein mann.

Det er berre i 14 yrke kvinnene kan skilte med å tene betre eller like godt som mennene.

Månadslønene i oversikta gjeld heiltidsstillinger og består av avtalt løn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjeringar er ikkje tatt med i reknestykket.

Det kan vere forskjellige årsaker til lønsforskjellane mellom kvinner og menn som jobbar innanfor same yrke.

Kollektive eller individuelle forhandlingar?

I mange yrke er løna slått fast i kollektive tariffavtaler, som eit resultat av at heile yrkesgrupper forhandlar om løna saman og ikkje kvar for seg. Dette gjeld for eksempel lærarar, butikktilsette og omsorgspersonale. I slike yrke vil lønsnivået vere moderat og forskjellane ofte ganske små, opplyser SSB til FriFagbevegelse.no.

Forskjellane oppstår fordi lønsnivået i tariffavtalene er avhengig av faktorar som SSB ikkje måler, slik som blant anna ansiennitet og utdanning. Dette gjer at ein ikkje har den same løna, sjølv om ein er omfatta av same tariffavtale.

Men ein har også yrke der det er meir vanleg at ein forhandlar løn på individuelt nivå, kvar for seg. Dette er ofte yrke med høgt lønsnivå, der ein utnyttar ein spesialkompetanse, opplyser SSB. Eksempel er advokatar, forskarar og toppleiarar. Der kan det fort oppstå større lønsforskjellar, sjølv om ein har nesten dei same arbeidsoppgåvene.

Her er topp 10-lista over kvinneløna i kvart enkelt yrke, rangert etter kor mange prosent ei kvinne tener av ein mann si løn:

(Det er 91 yrke i SSBs lønsstatistikk som manglar på lista. Det er fordi det er for få av det eine eller andre kjønnet i gruppa dei har undersøkt til å slå fast kva som er gjennomsnittsløna.)

1. Finansmeglere: 55,5 prosent av en manns lønn

• Menn:108.890 kroner

• Kvinner: 60.390 kroner

• Lønnsforskjell: 48.500 kroner

2. Automatikere: 73 prosent av en manns lønn

• Menn: 46.160 kroner

• Kvinner: 33.710 kroner

• Lønnsforskjell: 12.450 kroner

3. Finans- og økonomisjefer: 74,7 prosent av en manns lønn

• Menn: 91.370 kroner

• Kvinner: 68.230 kroner

• Lønnsforskjell: 23.140 kroner

4. Andre daglige ledere i tjenesteytende virksomheter: 74,8 prosent av en manns lønn

• Menn: 58.880 kroner

• Kvinner: 44.040 kroner

• Lønnsforskjell: 14.840 kroner

5. Organisasjonsrådgivere mv.: 77,7 prosent av en manns lønn

• Menn: 59.610 kroner

• Kvinner: 46.310 kroner

• Lønnsforskjell: 13.300 kroner

6. Varehandelssjefer: 77,8 prosent av en manns lønn

• Menn: 52.310 kroner

• Kvinner: 40.680 kroner

• Lønnsforskjell: 11.630 kroner

7. Kundebehandlere lån og kreditt: 78,6 prosent av en manns lønn

• Menn: 56.860 kroner

• Kvinner: 44.720 kroner

• Lønnsforskjell: 12.140 kroner

8. Kjemiingeniører: 78,9 prosent av en manns lønn

• Menn: 61.720 kroner

• Kvinner:48.670 kroner

• Lønnsforskjell: 13.050 kroner

9. Energimontører: 79,1 prosent av en manns lønn

• Menn: 41.270 kroner

• Kvinner: 32.630 kroner

• Lønnsforskjell: 8.640 kroner

10. Rådgivere/forskere, samfunnsøkonomi: 79,8 prosent av en manns lønn

• Menn: 67.150 kroner

• Kvinner: 53.580 kroner

• Lønnsforskjell: 13.570 kroner

I desse yrka tener menn mindre enn kvinner, topp 3:

1. Kjøkkenassistenter: 95,3 prosent av en kvinnes lønn

• Menn: 28.190 kroner

• Kvinner: 29.590 kroner

• Lønnsforskjell: 1.400 kroner

2. Skuespillere: 98 prosent av en kvinnes lønn

• Menn: 41.650 kroner

• Kvinner: 42.500 kroner

• Lønnsforskjell: 850 kroner

3. Gatekjøkken- og kafémedarbeidere mv.: 98 prosent av en kvinnes lønn

• Menn: 29.040 kroner

• Kvinner: 29.630 kroner

• Lønnsforskjell: 590 kroner

Søk i lønsstatistikken sjølv

Om du går inn på nettsida til Statistisk sentralbyrå, kan du sjølv legge inn eit mer detaljert søk og finne ut kva som er snittløna for dei som jobbar i privat eller offentleg eigde verksemder, for dei som jobbar i staten eller kommunen og for dei som jobbar heiltid eller deltid. (ANB)

Kommentarer til denne saken