Gå til sidens hovedinnhold

Arbeidet i Naustdalstunnelen er på etterskot

Tidlegare har Firdaposten skrive at Statens vegvesen rekna med å vere ferdig med sprengingsarbeidet i Naustdalstunnelen i byrjinga av desember. No dreg arbeidet ut nokre veker til.

– Vi er litt på etterskot med sprengingsarbeidet, men vi reknar med å vere ferdig med siste snunisja før jul, opplyser byggjeleiar Sveinung Hovland i Statens Vegvesen. Det betyr at køyrande må beklage seg på endå nokre veker til med langstenging.

Les også

Du må belage deg på venting i Naustdalstunnelen i nokre veker til

Hovland seier dei lange strekkene med stenging vil vere over når sprengingsarbeidet er over.

– Men det vil truleg bli nødvendig med kortare arbeidsøkter og kortare stengingsperiodar også etter jul. Vi må vere heilt sikre på at ryddearbeidet er gjort før vi døgnopnar tunnelen igjen, fortel Hovland.

Kommentarer til denne saken