Appen Smittestopp blir lansert i dag, og fleire skal korona-testast - Sjå regjeringa sin pressekonferanse her

Folkehelseinstituttets nye app for smittesporing blir lansert på ein pressekonferanse med mellom anna statsminister Erna Solberg (H) torsdag.

DEL

Det kjem fram i invitasjonen til den daglege pressekonferansen, som startar klokka 16.

I tillegg til Solberg skal helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet vere til stades.

Appen skal hjelpe styresmaktene med smittesporing, men kan òg brukast til å varsle brukaren om at han eller ho har vore i nærleiken av nokon som er smitta av koronaviruset.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken