Ap ønskjer fortgang i havvindutbygginga i Vestland og meiner fylket har konkurransefortrinn grunna kompetanse knytt til olje og gass.
Det kom fram under ein pressekonferanse der partiet presenterte planane sine for Vestland fylke.
– Leverandørindustrien til olje og gass har gjennom tiår bygd opp kompetanse knytt til operasjonar på sokkelen. Det er hovudgrunnen til at vi skal satse på havvind, sa førstekandidat på stortingslista til Hordaland Ap Marte Mjøs Persen under pressekonferansen.
Vestland med fortrinn
Mjøs Persen peika vidare på at kompetansen i leverandørindustrien gir Vestland betydelege konkurransefortrinn i ei raskt veksande internasjonal verdikjede for havvind.
– Vi må få fortgang i utbygginga av sentrale rammevilkår. Så må vi sjå elektrifiseringa av sokkelen i samanheng med vindkraftproduksjon, sa ho.
– Vi må òg få fortgang i opprettinga av nye konsesjonsområde for havvind. Vi må sørgje for finansiering og vi må sørgje for regulering. Desse tinga må avklarast ganske raskt, sa Mjøs Persen.
Avgjerande tiår
Mjøs Persen peika på at tiåret vi no er inne i vil bli avgjerande for å nå måla i Parisavtalen.
– Vi må kutte i takt med at vi skapar arbeid og moglegheiter for nye generasjonar.
(©NPK)