Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det forundrer oss at AP kritiserer forslaget om vannmålere i private husstander, når dei enstemmig gikk inn for KRAV om dette i alle nye husstander i fjor høst. Har ikkje AP oversikt over eigne vedtak?
Eller blei trangen til å kritisere Raudt sitt forslag rett og slett for stor denne gangen. Dersom AP faktisk var imot vannmålerane kunne vi forventa at dei foreslo å fjerne kravet i formannskapet. Det gjorde dei ikkje.
Ellers seier AP at vi må heve vanngebyra for å dekke kostnadane. Men vi skal halde nede prisen til private husttandar, fordi det ikkje er der det gjer utslag. Og vi må være konkurransedyktige på pris til næringslivet. Kven som då skal betale for gildet gjenstår å sjå.
Raudt hadde eit konkret forslag når desse gebyra skulle revurderast, der innstallering av vannmåler (og redusert forbruk) faktisk skulle være gunstig for brukar. Hovedendringa låg i endra vekting mellom fastpris og forbruk.
I dag er det nemleg boligarealet som bestemmer kor mykje folk må betale i vannavgift. Syns AP dette er eit meir sosialt alternativ?
Ville ikkje antall busette i husstanden i så fall være betre? Om ein no nektar å bruke faktisk forbruk som mål vel og merke. At einslege med minimalt forbruk i enebolig skal betale meir for vatn enn ein stor familie i leilighet kan ikkje kallast sosial politikk.
Jensen og Christensen påpeikar at vi ikkje har vatnmangel i Norge. Heldigvis ikkje. I alle fall ikkje i dag. Men det er ikkje slik at vi hentar vattnet vårt sjølve. Det skal rensast, både på veg inn og ut. Det har ein kostnad per liter vatten, samt investerings- og vedlikholdskostnader.
Det er ikkje slik at vatten er gratis. Ikkje ein gong i Norge.
Daniel Henriksson og Marie Kronen Tveranger, Raudt Kinn
