Anne hadde 400 fotballspelarar i stallen sin i mars. No er ho spent på kor mange som framleis heng med

Fem månader i koronanedstenging er ein evigheit for ein tiåring. Når barneidretten endeleg får opne opp att 1. august, tek ikkje styreleiar Anne Leversund i Florø fotball det for gitt at alle framleis vil vere med på laget.