Anita kan bli parkeringssjef både i Florø og Måløy

NYTILSETT: Allereie 1. januar startar Anita Eikevik i den nye jobben som leiar for Florø Parkering.

NYTILSETT: Allereie 1. januar startar Anita Eikevik i den nye jobben som leiar for Florø Parkering. Foto:

KINN: Dei to parkeringsselskapa i Kinn kommune kan bli slått saman.

DEL

Det var under generalforsamlinga til Florø parkering AS i formannskapet at spørsmålet om framtida for parkeringsselskapa i Kinn kommune. Styreleiar Hallgeir Helland fekk spørsmål frå Jacob Nødseth om kva han så føre seg med tanke på samarbeid og samanslåing av parkeringsselskapa i Florø og Måløy no som dei ligg i same kommune.

Det var Måløy24 som skreiv om denne saka først.

– Vågsøy Parkering har uttrykt ønske om å få til ein betre løysing med dagleg leiar. I den forbindelse har vi bestemt oss for å sjå om det er mogleg at dagleg leiar i Florø Parkering blir leiar av begge selskapa og tar den pendlingen som då må til, svarte Helland.

Nødseth meinte at det naturlege ville vere å gå lenger, og slå saman Florø parkering og Måløy parkering til eitt selskap for å spare inn pengar på felles styre og felles revisor, mellom anna.

Kommunedirektør Terje Heggheim fortalde at Kommunestyret i Kinn har bestemt at ein samanslåing av selskapa skal vurderast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken