Men i går blei den lange rekkja broten.

På dagen 73 år etter at det første prøvetrykket av Firdaposten blei laga, starta eit stort dataangrep mot Amedia-konsernet sine datasystem. Fellesløysingar for over 80 aviser braut saman i løpet av nokre timar.

Resultatet blei dramatisk. I dag, onsdag, har så godt som ingen abonnentar av ei Amedia-eigd lokalavis, fått avisa si i postkassa, og noko e-aviser er heller ikkje produserte.

Vi lever i ei tid der digitaliseringa går raskare og tek over kommunikasjonsløysingar på nesten alle samfunnsområde. Det gjer ting meir smidig. Det gjer ting meir effektivt. Det er interaktivt og lett å bruke for dei fleste.

Men det er også sårbart, sjølv for store konsern som både har ressursar og kompetanse til å jobbe aktivt og målretta med datatryggleik.

I haust har det vore ein markant auke i verksemder som opplever at datasystema deira blir angripne her i landet. Seinast like før jul blei kjøtgiganten Nortura sin logistikk tvinga i kne av hackarar, som lamma konsernet si drift. Men også små verksemder vert utsette for denne typen digital kriminalitet. Og det skjer på dagleg basis.

No er det vi i Firdaposten og de som lesarar og kundar som er råka. Det er svært beklageleg for alle som er glade i lokalavisa si, og som treng den for å halde seg orientert om stort og smått i lokalsamfunnet. Og det kjennest minst like ille for oss, som kvar dag ønskjer å gjere ein jobb for dykk.

Då er trøysta at det heildigitale tilbodet vårt på mobil og nett ikkje er råka på same måten. Det er systema som blir brukt til å produsere papiravisene i Amedia som ikkje lenger fungerer. Nettet verkar som det skal.

I løpet av dagen i dag vil vi forhåpentlegvis ha stabla på beina eit reservesystem som kan brukast til å lage ei papiravis til fredag. Avisa vil kanskje ikkje sjå ut heilt som den brukar å gjere. Den vil kanskje måtte lagast utan annonser og faste sider - det veit vi ikkje enno. Men vi jobbar intenst med å finne løysingar.

Per i dag veit vi ikkje kven som har angripe oss. Det blir det opp til politiet og ekspertar på cyberkriminalitet å avsløre og forfølgje. Det vi så langt er sikre på, er at informasjon om kundane våre når det gjeld betalingsinformasjon, ikkje er på avvege. Vi veit også at dei som har gått til åtak på oss, har gjort det for å krevje pengar.

Dei pengane vil dei aldri få.

Skulle ein gå i den type dialog med denne typen miljø, ville ein risikere å bidra til kvitvasking av pengar og finansiering av kriminalitet.

Sjølv om eit kvart dataangrep er ille, uavhengig av om det råkar privatpersonar eller bedrifter, så opplevest det ekstra belastande at det no er aviser og medium som blir hacka. At det skjer i ei tid der pandemien framleis held si klamme hand over oss med høgt smittetrykk, gjer det ekstra vanskeleg, fordi vi framleis har ein god del abonnentar som brukar papiravisa som si viktigaste lokale kjelde til nyheiter og informasjon.

Slik sett er angrepet på Firdaposten og resten av Amedia eit angrep på lokalsamfunnet og demokratiet.

I skrivande stund jobbar hundrevis av menneske døgnet rundt med å reparere og erstatte verktøya vi treng for å lage papiravis. Det kan ta si tid. Vår oppmoding til dykk som no les dette digitalt, er å kanskje tilby ei hjelpande hand til ein nabo, ein kollega eller eit familiemedlem - ein av dei som framleis ikkje har våga seg i gang med å bruke dei nettbaserte løysingane til Firdaposten.

Då kan også dei halde seg informerte - og du har gjort julas gode gjerning.