Andreas Hopen i fotballpodden: – Florø kjem til å vinne 4-1, og den engelske Bengt Solheim-Olsen scorar tre mål

DEL

Podcasten til Firdaposten tok ein ufrivillig pause då koronaviruset sørga for å stenge ned landet, men når sportsjournalisten, twitter-eksperten og den tidlegare sommarvikaren i Firdaposten, Andreas Hopen, først er heime i Eikefjorden på sommarferie fann vi ut at vi måtte dra han inn i arkivet for å snakke om sesongstarten til Florø Fotball. Og det skulle vise seg at mannen som elles ikkje er redd for å slakte spelarar i sosiale medium framleis har trua på at Florø kan slå tilbake.

Det blei også tid til å snakke litt om tidlegare Florø-spelarar, Sogndal, og engelsk fotball, og til slutt våga både Hopen og Hjorthen seg på eit tips til korleis det går i fredagens kamp mellom Fløya og Florø.

Begge to trur på Florø-siger, men Hopen åtvarar: – Du får betre rente på pengane om du set dei i banken, enn om du set dei på Florø på oddsen. Fløya er i beste fall eit middels tredjedivisjonslag slik dei har sett ut til no.

Denne gongen har vi prøvd oss på å spele inn podcasten på video, slik at du kan sjå den øvst i denne saka. Men du kan også gjere slik du har gjort før, og høyre podcasten på Spotify, eller andre podcasttenester, om du søker på Firdaposten.

Du kan også høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken