Trafikkulykke ved Amfi

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein bil har køyrd inn i fleire bilar før den traff ein vegg på baksida av Amfisenteret.

DEL

Litt over halv tre onsdag ettermiddag kom det melding om trafikkulykke bak Amfisenteret i Florø.

Ein bil skal ha køyrd inn i to bilar, før den traff ein av veggane på Amfisenteret.

Det kom røyk frå bilen etter ulykka, og brannvesenet vart kalla ut. Det vart også ambulanse, politi og legevakt.

Føraren var einaste personen i bilen. Han var medviten etter ulykka, og vart sendt i ambulanse.

Brannvesenet skumla motoren for å hindre ein eventuell brann.

Artikkeltags