Og det er sjølvsagt difor amerikanske bønder tek kontakt med GENO for å betre genetikken på garden sin.
Den internasjonale satsinga er viktig for vidare utvikling av Norsk Rødt Fe, og no har NRF-kyr blitt ein viktig del av økologisk mjølkeproduksjon i USA.
– Den norske kua hjelper oss til å redusere kostnadar og halde oss effektive og konkurransedyktige i ein tøff marknad, seier melkeprodusent Josh Hoffman.
Heilt nord i delstaten Texas driv han ein av USAs, og kanskje verdas, største produksjonar av økologisk mjølk.
Mjølkebilane kjem 20 gongar i løpet av dagen for å hente mjølk og «garden» er omtrent på storleik med Oslo Lufthavn Gardermoen.
– Av 15.000 kyr totalt er 6000 krysningar med Norsk Rødt Fe, men planen er å bli endå større, seier Hoffman.
Sjølv om mjølkeprisen i USA har stupt dei siste åra, har prisen på økologisk mjølk auka. Hoffman ser difor store moglegheiter for å utvide produksjonen med verdas friskaste og mest fruktbare ku.
Hoffman er ein av få spesielt utvalde leverandørar av mjølk til Coca Colas mjølkeprodukt Fairlife.
– I USA er effektivitet nøkkelen til suksess, og genetikken til Geno og Norsk Rødt Fe har bidrage til at vi lukkast så godt som vi gjer, seier Hoffman.
Han har ikkje angra på at han tok kontakt med Geno i 2015.
– Holstein-rasen har lenge hatt eit fruktbarheitsproblem. No har vi kryssa inn NRF-gener med Holstein to gongar og skilnaden er stor. Det er også skilnaden på sjukebingen - det er nesten ingen der etter at vi byrja med Norsk Rødt Fe, sler han fast.
Det er spesielt viktig i økologisk produksjon, då preventiv bruk av medisinar og antibiotika ikkje er lov.
-USA er ein viktig og stort marknad for Geno. Det er her vi finn dei største farmane og når vi får innpass her betyr det mykje i volum, seier salssjef i GENO, Trygve Solberg.
Og han forsikrar om at sjølv om garden til Hoffman er svær, så har dyra det veldig bra:
– Dei ligg på sandsengar, rører seg fritt og får veldig bra fôr, seier Solberg.
Hovudmålet til Geno er å levere genetikk til norske bønder, men den internasjonale satsinga er viktig for å finansiere vidare forsking og utvikling av den norske kua.
-Utan den internasjonale satsinga kan vi ikke bruke så mange ressursar på utvikling som vi gjer no, seier Solberg.