– Med det vi no er vitne til frå styremaktene i Russland si side i Ukraina, er det uråd for Amedia å halde fram drifta av avistrykkeria våre i landet.

Det seier konserndirektør for samfunns- og myndigheitskontakt i Amedia, Marte Ingul.

Klokka 13 i dag blei det kjent at det norske aviskonsernet, som eig mellom andre Firdaposten, Firda og Sogn Avis, overlet fire heileigde trykkeri til Muratov. Han vil stå fritt til å utøve alle aksjonærrettar og ha full kontroll over den daglege drifta av trykkeria.

Avisa som Muratov er redaktør for, Novaja Gazeta, har for lengst stogga all publisering i etterkant av Russland sitt angrep på Ukraina, etter fleire åtvaringar frå det russiske medietilsynet.

Amedia sitt dotterselskap i Russland har fire heileigde trykkeri, i tillegg til to andre som er eigd i lag med russiske minoritetsaksjonærar. Det blir jobba vidare med å finne ei løysing for desse aksjonærane, slik at Amedia kan trekkje seg heilt ut av Russland.

Amedia eig trykker i Russland av historiske grunnar. Etter Sovjetunionens fall ønskte A-pressen, forløparen til Amedia, å bidra til å byggje ei fri, uavhengig og redaktørstyrt presse i Russland. Som ein del av dette arbeidet, blei det etablert fleire større trykkeriverksemder.

– Vi har hatt ein god dialog med Muratov over tid og er glade for at han har sagt ja. Vi meiner Muratov blir ein god forvaltar av trykkeria. Dette er også ei løysing som bidreg til å ivareta den opprinnelege intensjonen med Amedia si etablering i Russland, seier Ingul gjennom ei pressemelding.

Dmitri A. Muratov mottok i desember Nobels fredspris, i lag med den filippinske journalisten Maria Ressa. Dei fekk begge prisen for arbeidet sitt med å lage uavhengig, maktkritisk journalistikk under krevjande forhold.