Kundar og abonnentar av Amedia-avisene blir bedne om å vere obs på svindelforsøk i kjølvatnet av dataangrepet som ramma mediekonsernet i jula.

– Vi har per no ingen informasjon om at persondata er publisert eller misbrukt på noko vis. Det kan likevel ikkje sjåast bort frå at namn, adresse, e-post, telefonnummer, fødselsdato, abonnementsform- og historikk kan vere på avvegar, skriv Amedia-avisene i ein e-post til kundane tysdag.

Dei understrekar likevel at opplysningar om passordet til abonnentane, lesarhistorikk og bank-info ikkje er ramma av angrepet.

– Om nokre av opplysningane dine vil vise seg å vere på avvegar, kan du potensielt bli utsett for forsøk på datamisbruk eller svindel. Vi ber deg derfor på generelt grunnlag vere ekstra merksam på mistenkjelege tekstmeldingar, telefonførespurnader og e-postar, heiter det vidare.

For tidleg å konkludere

Amedia skriv i ei pressemelding tysdag at det er for tidleg å seie noko om årsaka til angrepet.

– Vi vil komme tilbake med kvalitetssikra informasjon så snart fakta er klarlagde og det er forsvarleg å kommunisere desse, seier Pål Nedregotten, som er konserndirektør for teknologi og data.

Det blir no jobba intensivt med å kartleggje kva som kan ha skjedd med persondata til tilsette og abonnentar, og konsernet nyttar ekstern bistand i arbeidet.

Dataangrep

Fleire av Amedias sentrale datasystem vart sette ut av drift etter det alvorlege dataangrepet natt til tysdag 28. desember. Dataangrepet førte til ein stans i produksjonen av papiravisene dagen etter. Torsdagen gjekk 13 aviser i trykken, og nyttårsaftan sørgde ei reserveløysing for at nærare 70 aviser kunne leverast til abonnentane.

Hackarane som angreip Amedia, la igjen eit krav om løysepengar, men selskapet har vedteke å ikkje gi etter for pengekrava.

(©NPK)