Fartøyet til Gulen Skyss var operativt frå starten av mai, og er ei mellombels løysing, fram til nybygget vert levert seinare på sommaren. Gulen Skyss, inngjekk i fjor ei tiårskontrakt med Helse Førde, om drift av ambulansebåtar stasjonert i Florø og Hardbakke.

Men inn til vidare er det «Roselyn» som rykker ut frå Florø, når alarmen går. Båten sitt ansvarsområde strekker frå Askvoll til Stadlandet. No jobbar mannskapet med å bli lommekjende i skjergarden, og sjølv om dei ligg til kai, går dagane med til å førebu seg til neste oppdrag.

Dei som rykker ut sjøvegen

Når vi treff mannskapet ved Haffen, ligg og redningsskøyta «Bergen Kreds» til kai med sitt nye støttefartøy. Motorane på «Roselyn» er akkurat starta, og mannskapet gjer seg klar for ei treningsøkt i florøbassenget.

På veg opp til brua går vi gjennom pasient- og behandlingsrommet, med utstyr som i ein ambulanse, bortsett frå at her er det meir armslag og det er vêrgudane som bestemmer bevegelsane.

– No er vi to mann om bord som begge er tilsett i reiarlaget. Eg er kaptein, og så har eg med meg Leiv Johnny Fjellro som fyller fleire roller. Han er både ambulansefagarbeidar, lettmatros og motorpassar. Frå 1. juni vert vi fullt operative. Då får vi om bord ein person til ved utrykking, som kjem frå ambulansestasjonen i Florø, og tilsett i Helse Førde, forklarer kaptein Hjalmar Vang.

Nytt og trongare farvatn

Fram til nybåten vert sett i drift, blir dei ved utrykking forsterka med to personar frå ambulansetenesta. Etter det, blir reiarlaget sin lettmatros, med ambulansefagleg bakgrunn, helsearbeidar nummer to om bord som skal jobbe i lag med den som kjem frå ambulansestasjonen.

– 1. juni legg ein ned ambulansetenesta som er stasjonert i Kalvåg, og då vil nok oppdragsmengda vår auke. Responstida vår er sett til ti minuttar, og då skal vi vere klar til avgang, seier Vang.

Han er no komen i nytt farvatn, etter å ha vore i teneste på Sunnmøre. Han beskriv området her på kysten som trongare, og fleire grunnar og skjer ein må ta omsyn til, sjølv om båten berre stikk vel ein meter i sjøen.


AMK-sentralen styrer oppdraga

– Her er mykje «paddemark» og ein av jobbane våre no er å gjere oss kjende i farvatnet. Sjølv om ein har tilgang til ambulansehelikopter, er det ikkje alltid dei er ledige og dei kan bli stogga av vêret. Då må vi rykke ut på hasteoppdrag. Driftsmessig er vi underlagt AMK-sentralen, forklarer han.

Når nybygget kjem i drift, som er ein katamaran, får ein blant anna ein hydraulisk båreheis akterut, som lettar arbeidet med å få bårepasientar om bord. Frå taket får dei moglegheit til å heise pasientar til helikopter.

Ventar på oppdrag

– Dette er eit spennande yrke. Eg har bakgrunn frå fiskeri og offshore, og har jobba i tre år som instruktør på sikkerheitssenteret i Ålesund. Det kjem godt med i denne jobben, der vi ikkje alltid veit kva som ventar oss, seier han.

Redningsressursane i Florø har aldri vore større. Skjer det ei alvorleg hending i dag, vel ein ofte å sende ut styrker frå alle etatar, for så eventuelt å skalere ned aksjonen. Når vårt besøk om bord er over, sprakar det i naudsambandet, og ei melding om raud respons og utrykking til ei ulykke i andre enden av fylket, kjem inn. For besetninga på «Roselyn» er planen ein kort treningstur. Neste gang kan det vere dei som må rykke ut.