28-åring alvorleg skadd

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Den kvinnelege syklisten som vart påkøyrd onsdag morgon er på intensivavdelinga.

DEL

Klokka 08.17 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd på ein person i gangfeltet over Skudalsvegen på Evja. Den 28 år gamle kvinnelege syklisten var ifølgje politiet skadd, men vaken. Både ambulansepersonell og politi kom raskt til staden.

Vegen vart stengd for trafikk etter ulukka, men opna kort tid etter. Klokka 08.46 går trafikken som normalt att.

Klokka 11.00: Kvinna er alvorleg skada og er innlagt på intensiv avdeling ved Førde sentralsjukehus til observasjon.

Kvinna føyer seg inn i rekkja av folk som har blitt påkøyrd i gangfeltet over skudalsvegen på Evja.

I  oktober 2012 bad ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) om at fylket og fagekspertisen finn strakstiltak for det farlege fotgjengarfeltet. Like etter vart to hekkar som øydela sikta til gangfeltet fjerna.

Artikkeltags