Alle skular og barnehagar blir stengde

Oslo 20200312. 
Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) orienterer om nye tiltak for å bekjempe koronaviruset.
Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg er også til stede.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Oslo 20200312. Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) orienterer om nye tiltak for å bekjempe koronaviruset. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg er også til stede. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix Foto:

KORONA: Torsdag kunngjorde statsminister Erna Solberg at alle skular, barnehagar og utdanningsinstitusjonar i Norge blir stengde frå torsdag kl. 18.00. Frisørar, barar og treningssenter må stenge, og det blir forbod mot kultur- og idrettsarrangement.

DEL

Regjeringa innfører no ein rekke strenge restriksjonar for å begrense koronasmitten.

Mellom anna vert alle skular, barnehagar og utdanningsinstitusjonar stengt. Rektorar og barnehagestyrarar vil likevel få krav på seg om å organisere eit dagtilbod for enkelte grupper av barn.

Dette gjeld mellom anna barn av personell som er samfunnsmessig kritisk viktige, som helsepersonell og folk i transportbransjen.

Det vert også innført forbod mot alle kulturarrangement, idrettsarrangement og idrettsaktiviteter frå torsdag kl. 18.00.

Alle treningssenter, svømmehallar, badeland, frisørar, hudpleie, massasje og liknande må stenge.

Spisestader og kantiner som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst éin meters avstand får halde opent. Elles må pubar, barar og andre utelivsaktørar halde stengt. Servering av mat skal ikkje skje som buffé.

– Vi veit det blir vanskeleg

– Norge vil dei neste 14 dagane gå i eit veldig sakte tempo, der kun kritiske funksjonar vert oppretthalde. Eg kan ikkje understreke nok kor viktig det er at alle stiller opp og følger restriksjonane, sa statsministeren under pressekonferansen torsdag.

– Så må vi passe på at vi ikkje begynner å hamstre eller skape panikkstatus rundt dette. Det er nok daglegvarer til alle, understreka ho.

I utgangspunktet gjeld tiltaka frå 12. mars og fram til 26. mars, men dei kan bli forlenga.

Fredag vil regjeringa komme med ulike økonomiske tiltak for å hjelpe bedrifter å komme seg gjennom dette.

Dette er ekstremt inngripande på folk sin kvardag, understreka statsminister Solberg og helseminister Bent Høie.

- Vi veit dette er veldig vanskeleg for mange familiar. Mange er avhengige av inntektene sine for å betale huslånet. For nokre er dette dramatiske konsekvensar i livet. Men då må alle respektere tiltaka, så vi treng dei så kort tid som mogleg, sa Høie.

Nordmenn bør komme seg heim

Nordmenn som er i utlandet bør komme heim raskt, fordi det er usikkert om flytrafikken i Europa vil vere open mykje lengre. Det seier Folkehelseinstituttet.

Alle som har vore i utlandet utanfor Norden etter 27. februar må vere i karantene i 14 dagar når dei kjem heim til Norge. Dette uavhengig av om dei har vore i smitteområde eller ikkje.

Artikkeltags