Gå til sidens hovedinnhold

Alle om bord på "Stormhav" har no testa negativt for koronaviruset

Også den siste av mannskapet på fiskebåten Stormhav som er testa for korona, har testa negativt. Dermed er ikkje viruset påvist på båten.

Båten kom inn til Tromsø ved 6-tida måndag morgon etter å ha drive fiske i Barentshavet. Tolv om bord hadde koronasymptom. Måndag kveld stadfesta kommunikasjonssjef Pål Jakobsen i Tromsø kommune at 13 av dei 14 om bord hadde testa negativt på covid-19.

Onsdag skriv NRK at alle om bord no er friskmelde, og at båten reiser frå Tromsø i 22-tida onsdag.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken