Det vil seie at du har 25 dagar på deg.
I heile landet er det framleis 31.000 personar som ikkje har gjort dette, og alle det gjeld skal ha fått SMS frå Statens Vegvesen. I heile Vestland gjeld dette 4925 personar. I Kinn kommune er det 106 stykke, medan i Bremanger køyrer alle no rundt med eit førarkort som også er gyldig når det nye året er her.
– Vi er uroa for så mange framleis ikkje har fornya førarkortet. No hastar det for dei som vil halde fram å køyre etter nyttår, seier avdelingsdirektør Lille Tove Amundsen i Statens Vegvesen.
Og køyrer du med ugyldig førarkort vankar det 5000 kroner i bot.
Blir du stoppa utan gyldig førarkort etter 1. april blir du også meld til politiet. Det kan også skje om du blir stoppa gjentekne gongar i løpet av dei tre første månadane.
Er førarkortet ditt laga i perioden 1. april 1979 til og med 31. desember 1997, har du eit førarkort som er større enn eit kredittkort. Og det går ikkje lenger. Frå 1. januar 2023 er dei ikkje lenger gyldige.
Det vil seie at du må ta nytt bilde, noko du gjer på ein trafikkstasjon, og du må ha med deg gyldig legitimasjon. Vegvesenet anbefalar at du bestiller time for å unngå ventetid.
Eit nytt førarkort kostar 200 kroner, og å ta eit nytt bilde til førarkortet kostar 70 kroner, i følgje prisoversikta til Vegvesenet.