Gå til sidens hovedinnhold

Alle bestillingar forsvann på 1-2-3

Artikkelen er over 1 år gammel

Knutholmen AS har permittert alle tilsette grunna korona-krisa. – Men vi skal vere spenn klare på den andre sida av krisa.

For abonnentar

Det seier Jan Fredrik Fosse, dagleg leiar i sjølvaste reiselivsmotoren i Bremanger kommune, Knutholmen i Kalvåg. Dei tok avgjerda om å stenge ned drifta i slutten av førre veke, då konturane av den økonomiske tsunamien vart tindrande klare.

– Vi er veldig spente og usikre på korleis dette vil gå. Dersom krisa varer til over sommaren, mistar vi brorparten av inntektsgrunnlaget vårt for i år. Det vil vere eit inntektstap på kring 10 millionar kroner, fortel Fosse.

I samband med økonomisk planlegging har han laga worst-case-scenario, men har har aldri trudd at det skulle slå til så hardt som det no ser ut til å gjere.

– Heile reiselivsnæringa er sjølvsagt i samme båt her og det er klart at dersom vi skal komme gjennom dette med ryggraden i behold, så må det statlege hjelpetiltak for reiselivet til. Dersom krisa varer til september, så har vi ingen sjanse til å hente oss inn att noko særleg økonomisk i år.

Men det er framleis skapande liv i bedrifta, noko som viser at dei ser framover sjølv i dei mørkaste stundene. Arbeidet med å setje i stand nabo-bua til Knutholmen, Sjøholthuset, held fram. Her skal det kome 16 nye hotellrom av den ekslusive sorten.

– Utviklinga av dette tilbodet gjer vi spesielt for omtanke for stamgjestane våre. Det er ikkje noko problem å få laga standard hotellrom, men her løftar vi standarden. Å bu i desse romma skal vere ei unik og spesielle oppleving. Det eksisterer ein marknad for meir eksklusive rom- der ein har teke vare på og formidlar den lokale historia, forklarer Jan Fredrik Fosse.

Les også

Satsar på nytt eksklusivt hotelltilbod

Les også

Gjer Hardanger-hus om til hotell i særklasse

Kommentarer til denne saken