No tar Alice av mot London

No tar Alice Hugøy av.

No tar Alice Hugøy av.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Michael Angelo produserer låtar for Beyoncé og Sam Smith - og no også for Alice hugøy (14).

DEL

Då superstjerna Michael Angelo høyrde Alice Hugøy, var det han som fekk stjerner i auga.

Det skjedde i Høyanger førre helg under det årlege arrangementet Blest, møteplassen for musikkbransjen i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Oppdaga av stjerneprodusent

På Blest blir dei neste, store artistane frå regionen oppdaga, og i tillegg er det kurs heile helga igjennom.

Michael Angelo var ein av kurshaldarane. Alice omtaler han konsekvent som Michael.

– Alle var inviterte til å ta med seg innspelt materiale, slik at Michael kunne gi tilbakemeldingar. Men eg hadde ikkje fått spelt inn noko og tenkte «shit, no er Michael her, og eg har berre denne sjansen til å høyre kva han synest om musikken min».

Ho hadde med seg gitaren og spurte om ho kunne få spele for han.

Michael Angelo.

Michael Angelo.

– Eg spelte tre av mine eigne poplåtar, og Michael song med på det eine refrenget. I tillegg spelte eg ein coverlåt av John Newman. Eg var ekstremt nervøs og klamra meg fast til gitaren.

Etterpå hadde Michael Angelo berre éin ting å seie:

– Vi må snakke business! Du er betre enn mange eg har jobba med.

På ståande fot inviterte han henne til studioet sitt i London. Og så gav han henne mobilnummeret og e-postadressa si.

Det er sånt ein dagdrøymer om at skal skje. No har det skjedd for Alice, og då snakkar vi ikkje om i eventyrland.

– Eg var heilt sjokka! Eg gler meg til å jobbe med ein så ekstremt dyktig fyr. Eg reiser til London etter jul.

Følte seg liten

Før dette, før Angelo oppdaga henne og før ho fekk avtale om innspeling i metropolen London, var det heilt andre kjensler som bobla i kroppen.

– Eg følte meg liten og flau. Eg var den desidert yngste på Blest, og dei andre hadde mykje meir å vise til.

«Du må vere på hogget» blei ho fortalt av ei ho møtte på do. Lettare sagt enn gjort.

– Vanlegvis er eg sjølvsikker og open, eg grip alle sjansar eg får, men eg torde nesten ikkje å sjå på folk. Så liten følte eg meg.

Det var før ho voks seg stor på eit lite kvarter.

Og større skal ho bli.

Alice Hugøy har landa den første, viktige avtalen i karrieren. Foto: Heidi Hattestein

Alice Hugøy har landa den første, viktige avtalen i karrieren. Foto: Heidi Hattestein

Artikkeltags