Når det gjeld valkrinsen Sogn og Fjordane skriv Vestland Venstre i ein pressemelding at det var eit kort møte, der alle voteringar var samrøystes. Alfred Bjørlo toppar lista, med Gunhild Berg Stange som 2.-kandidat.

– Min viktigaste motivasjon for å stille til val til Stortinget for Venstre i 2021, er at eg er 100 % distriktsoptimist, seier Alfred Bjørlo.

– No trengst meir enn nokon gong tydelege, tøffe politikarar som «brøytar veg» for ein ny og moderne distriktspolitikk nasjonalt. Eg brenn for at langt fleire enn i dag skal oppdage kor gode kvardagsliv det går an å leve utanfor dei største byane. Vi som bur i Sogn og Fjordane er plassert midt i smørauget for det nye, grøne næringslivet som vil vekse i åra framover. Då må staten og sentralmakta i Oslo vere med på laget: Statlege arbeidsplassar og utdanning må desentraliserast, vi må gjere livet enklare for dei som startar og driv små bedrifter – og vi må gje folk meir fridom og større armslag i kvardagen, seier den ferske listetoppen.

Alfred Bjørlo har vore ordførar i Eid/Stad sidan 2011 og sit i Fylkesutvalet i Vestland for Venstre. Han har tidlegare m a vore politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet og Næringsdepartementet, og dagleg leiar i næringsselskapet Måløy Vekst.

I Hordaland blei det kampvotering om førsteplassen. Terje Breivik og Sveinung Rotevatn kjempa om topplassen, og det blei Rotevatn som kom sigrande ut.

– Ei stemme på Venstre er den sikraste stemma for å sikre full fart i det grøne skiftet, for liberale verdiar og for ein skule som er god og trygg for alle elevar. Eg håpar på tillit frå veljarane i Hordaland til hausten, og gler meg til å stå på i valkampen saman med dei andre dyktige kandidatane på lista, sa Rotevatn etter å ha fått topplassen.

I Hordaland fekk Ane Breivik frå Bergen 2.-plassen.