Venstre-politikaren Alfred Bjørlo frå Sogn og Fjordane stadfestar at han blir medlem i næringskomiteen på Stortinget den komande fireårsperioden.
– Eg er glad og stolt over å bli medlem i næringskomiteen, på eitt av dei mest sentrale politikkområda til Venstre, seier Bjørlo i ei pressemelding.
Han seier at han går til verket med mål om å gjere Venstre til det viktigaste partiet for dei som står på og skapar jobbar for seg sjølve og andre over heile landet. Han peikar på at grøn omstilling, klimakutt og ein offensiv næringspolitikk går hand i hand for partiet.
– Det er ikkje staten som skapar dei nye jobbane, Det skjer i tusenvis av små og store bedrifter over heile landet, i både gamle og nye næringar, og ikkje minst i nye bedrifter som enno ikkje er skapte, seier han.
Bjørlo meiner Vestlandet er den viktigaste verdiskapingslandsdelen i Noreg, men at det framleis er eit stort vekstpotensial i nye grøne næringar.
– Å ha sterke Vestlands-politikarar på Stortinget blir særleg viktig med ei mindretalsregjering der mykje makt over næringspolitikken ser ut til å sentralisert og flytta til lukka rom på Youngstorget i Oslo, og der EØS-avtalen i verste fall blir sett i spel, legg nordfjordingen til.
Bjørlo har dei siste åra vore ordførar i Stad kommune i Nordfjord.
(©NPK)