Marine holer og gamle havnivå på Kinn

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Søndag 22. mars inviterer Kystmuseet til holetur på Kinn. Arkeolog og prosjektleiar på Hellerprosjektet ved Universitetet i Bergen, Knut Andreas Bergsvik, skal halde foredraget ”Holer og hellerar i forhistorisk tid – buplassar eller rituelle stader?”

DEL

Øya Kinn ligg om lag 15 km frå Florø vest i havet. Berre nokre holmar og skjer rundt Ytterøyane fyr gjev livd i nordvest. Elles er det ope hav utanfor. Fleire stader på øya finn vi store holer som vart laga av havet for kan hende over 100 000 år sidan. Minst ei av desse holene har spor etter busetnad, men det er først såpass seint som i jarnalderen.

Endring i havnivå

Sidan slutten av istida har havnivået langs norskekysten endra seg mykje. Kystområda ved Florø og eit stykke nordover vart isfrie for om lag 12 500 år sidan. På Kinn ser det ut til at havnivået den gongen har vore noko lågare enn i dag. For rundt 11 000 år sidan fekk vi ein ny kuldeperiode – Yngre Dryas.

Isbreen gjorde no ein ny framstøyt, og havet steig noko fordi landet vart trykt ned av istyngda. For om lag 10 300 år sidan var denne kuldeperioden slutt, og på Kinn stod havet då om lag i same nivå som i dag. Så steig landet opp or havet på nytt og strandlina hamna på eit lågare nivå enn i dag.

Overfløymde steinaderbuplassar

Det er ved desse no overfløymde strendene ein måtte ha leita etter dei første steinalderfolka som kan ha busett seg på Kinn. Lenger inne, på Botnaneset i Florø, ligg dei same buplassane om lag ein meter under dagens havnivå.

Der har arkeologar gjort utgravingar og funne rikeleg med spor etter busetnad så tidleg som for 8500 – 9500 år før notid. På Kinn måtte ein ha dukka fleire meter under havflata for å finne spor etter dei same menneska.

Årsaka til denne skilnaden mellom Kinn og Florø-området er at istrykket på landet ved Florø var større enn på Kinn, slik at dei same strandlinene har heva seg meir der inne gjennom tusenvis av år.

Ei 7000 år gamla strandline

For 9000 år sidan tok havet til å stige som følgje av at breane i innlandet smelta heilt nesten heilt bort. Havet steig raskt til om lag 5 – 7 m over dagens havnivå på Kinn. Ei slik havstiging kallar geologane ein transgresjon.

Frå denne tida – om lag 7000 år sidan - er det tydelege merke etter strandliner med danning av strandvoll både på sørsida og nordsida av øya. Og på Kinn ser det ut til at dette faktisk er det høgste havnivået etter at istida var slutt – geologane kallar det marin grense.

På sørvestsida av øya rett aust for ei av dei store marine holene opp i fjellet, er det ein tydlege strandformasjon der det også er danna ein voll. Bak vollen er det eit fuktig, myraktig område. Her stod altså havet for om lag 7000 år sidan og stormbårene bygde opp den karakteristiske vollen.

Gamal lagune blei til tjønn

Går vi opp i skaret og over til nordvestsida av Kinn, finn vi att den same strandformasjonen, men her er vollen endå tydelegare, og i den gamle lagunen bak strandvollen og inn mot fjellveggen ligg det no ei lita tjønn som har avløp gjennom eit snitt i vollen.

I dette snittet kjem strandmassane med grus og velforma rullestein godt til syne. Det er ikkje utenkjeleg at det kunne ha budd folk på Kinn då havet stod ved dette nivået. Skal ein finne buplassane deira, må ein leite eit stykke ovanfor den gamle strandlina.

Det kan også tenkjast at steinalderbuplassar kan vere nedgravde under dei gamle strandmassane. Slike buplassar er funne på Møre og på Jæren. Men desse er vanskelege å finne – ein må grave djupe snitt gjennom strandvollen for å kome ned på dei.

Marine fjellholer på Kinn

På utsida av Kinnakloven er det to marine fjellholer – nedste og øvste Byrgehelleren.

Den nedste er størst, og der er det også spor etter menneskeleg aktivitet i jarnalderen. Desse holene er forma av havet kan hende så langt attende som ved slutten av siste mellomistid for om lag 120 000 år sidan.

Det er også ei relativt stor marin hole på sørvestsida av øya. På Sunnmøre og i ytre Romsdal er det også fleire slike holer, og nokre av dei har – nett som Byrgehelleren – spor etter menneskeleg verksemd i jarnalderen og også i steinalderen.

På fugleøya Runde på Sunnmøre finst det marine holer på dagens havnivå der havet framleis arbeider med å grave dei ut. Slike holer har gjerne blitt danna ved at havbårene får tak i svake område eller sprekker i bergveggen, og gjennom tusenvis av år blir holene etter kvart større og større.

Ved å grave i lausmassane der isbreen ikkje har drege desse med seg ut or hola, kan geologane finne ut når holene vart danna og få informasjon om klimavekslingane gjennom den siste istida.

Artikkeltags