Utsikt frå det gamle flytårnet

I kontrolltårnet:  Herman Vokuhl (t.v.) og Magne Aslaksen i det gamle tårnet på Florø Lufthamn. Bildet er teke nokre år etter opninga, og mange år før utvidinga. I dag er tårnet for lengst fjerna og haugen der det stod er skoten bort og terrenget planert. Foto: hjs

I kontrolltårnet: Herman Vokuhl (t.v.) og Magne Aslaksen i det gamle tårnet på Florø Lufthamn. Bildet er teke nokre år etter opninga, og mange år før utvidinga. I dag er tårnet for lengst fjerna og haugen der det stod er skoten bort og terrenget planert. Foto: hjs

Flora Lufthamn vart opna av samferdsleminister Reiulf Steen 30. juni 1971. Bildet over desse linjene kan vere teke i kontrolltårnet ei ti-år seinare, truleg tidleg på 1980-talet.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Herman Vokuhl og Erling Notø, begge frå Florø, var dei første som vart tilsett i tårnet, saman med Jan Martin Pedersen som var sjef.

Eit par år seinare kom Magne Aslaksen og tok over etter Pedersen som var frå Trømsø, og som flytte for å ta over ein tilsvarande jobb nordpå.

Aslaksen og kona omkom ved ei tragisk bilulukke nokre år etter at dei begge var blitt pensjonistar. Vokuhl og Notø bur framleis i byen og har vore pensjonistar i mange år.

Luftfarten har hatt ei rivande utvikling i Flora, og flyplassen er utvida to-tre gonger, med ei flystripe på ca. 1200 meter. Før den «geniale» ideen om å kommersialisere ein kortbaneflyplass, var Flora Lufthamn den største kortbaneplassen i landet med over 200.000 passasjerar årleg.

Flora Lufthamn var hovudbase for Widerøe sine Vestlandsruter frå 1971 til 1999, då Coast Air vann tilbodet, og Widerøe flytte basen til Gardermoen, der den framleis er.

I 1993/94 kom helikopterbasen som hadde til hovudoppgåve å flyge oljearbeidarar ut og inn frå plattformer i Nordsjøen.

Kring år 2000 vart rullebana utvida med ca. 400 meter, til dagens lengde, og for sju åtte år sidan vart dagens redningsbase etablert.

I 2003 vart det gamle flytårnet rive, og nytt og større tårn vart reist vestafor, på ryggen mellom båthamnene i Gunnhildvågen.(hjs)

Artikkeltags