Dronning Sonja kjem

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Dronning Sonja kjem til Florø 19. august for å vere med på feiringa av byjubileet.

DEL

Prosjektleiar for byjubileet, Edvin Helgheim, fortel at dei kommunen fekk beskjeden tidleg denne veka.

Dronninga kjem på same tid som skulane startar opp etter sommarferien. I denne perioden av jubileet vert det særleg sett søkjelys på barna.

Det vert derfor naturleg at barna vert sett i fokus under besøket til dronninga. Elles er programmet enno ikkje fastlagt. Både kong Harald og dronning Sonja vart inviterte til å vere med på feiringa i Florø.

Det er første gongen Dronninga kjem på offisielt besøk til byen. Ho har eingong før vore på uoffisielt besøk i bykommunen, den gongen som kronprinsesse saman med kronprins Harald. Då var dei mellom anna på tur til Svanøy og Kinn.

Denne gongen kjem dronninga utan kongen. Ho skal også representere kongehuset i Sandnes, som til liks med Florø i år også skal feire 150-årsjubileum for bystatusen.

.

Artikkeltags