50-åringar ser tilbake

Framme f.v. Marianne Hauge, Ann-Elisabeth Terdal, Olaug Førde, Mary Jane Varpe, lærar Reidun Solberg, Elin Grotle. Andre rekkje f.v. Geir Magne Hauge, Svein Rune Torvanger, Roger Elling Svarstad, Odd Kåre Senneset. Bak f.v. Einar Svarstad, Eivind Senneset, Erik Grotle, Dag Kjetil Ferstad, Roger Kløvtveit, Terje Leif Lindvik.

Framme f.v. Marianne Hauge, Ann-Elisabeth Terdal, Olaug Førde, Mary Jane Varpe, lærar Reidun Solberg, Elin Grotle. Andre rekkje f.v. Geir Magne Hauge, Svein Rune Torvanger, Roger Elling Svarstad, Odd Kåre Senneset. Bak f.v. Einar Svarstad, Eivind Senneset, Erik Grotle, Dag Kjetil Ferstad, Roger Kløvtveit, Terje Leif Lindvik. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Denne gjengen er fødde i 1967, og kan difor feire 50-årsdagane sine dette året. Her er dei i 7-8 års alderen, saman med lærar Reidun Solberg.

DEL

Dei begynte i 1. klasse ved Hauge skule i 1974, men Mary Jane Varpe, som har lånt oss bildet, trur at bildet er teke like etter sommarferien i 2. klasse, altså i 1975.

Reidun Solberg var læraren deira dei tre første åra på barnesteget. På mellomsteget tok Dag Solberg over klassen.

Sjuande året på skulen fekk klassen nye elevar frå Ryland, og i 8. og 9. klasse kom elevar frå Berle og Kalvåg. Talet på elevar vart då nærast dobla, og klassen delt i to, ei A-klasse og ei B-klasse.

Dei to åra på ungdomsskulen var det Rolf Eikeset og Frank Merde som losa elevane gjennom skuledagane.

– Vi var ein veldig samansveisa og kjekk gjeng, og i åra etter ungdomsskulen sakna vi ofte den gode tida på Hauge skule, minnest Mary Jane.

Ho fortel om kjekke turar med klassen, til Harpefossen for å gå på ski, og fjelltur til Vetvikja, der dei overnatta i telt, og fekk båtskyss heimatt dagen etter.

Av dei 15 elevane som er med på dette bildet, finn vi ut at det er seks av dei som i dag bur i heimbygda. Dei andre bur på ulike stader på Vestlandet, dei fleste i vårt eige fylke.

Artikkeltags