Elverum har bøtta inn mål i år. Heime på Elverum stadion har dei slått Kongsvinger 2 med 5-0, Hødd med 5–1 og Molde 2 med meir moderate 2–1. Andreplass på tabellen fortel også sitt om at dette er ein av dei vanskelegaste bortekampane i divisjonen.

Med det som bakteppe er det sterkt at Florø i store deler av kampen nøytraliserer laget frå austlands-skogane. Florø slapp ikkje inn mål i dag heller, og har no heldt nullen i fire kampar på rad.

I serien vel og merke. Dei slapp jo inn fem i cupen mot Sogndal.

Så kan ein vere kritisk å meine at det laget presterte offensivt i dag ikkje er mykje å skrive heim om. At dei blir for feige og ligg igjen med for mange folk når dei får kontringssjansane sine. Men laget mangla både Nelsinho og Lido Lotefa i dag. Det var nok rett å vere kynisk, ligge lågt, og gå for det eine poenget.

Ser ein kampen med Elverum sitt blikk er det lov å meine at Florø kan føle seg heldige. Albin Svensson gjer si beste kamp i Florø-drakta til no. Vartar opp med fleire gode redningar, og dei to gongene det går på tverke står tverra i vegen, eller Sergio Uolo brassesparkar ballen vekk få streken.

Samtidig hadde Lars Yonas Larsen eit frispark i stanga, og med litt meir presisjon kunne Florø skapt meir ut av eit par kontringar i andre omgang.

Men det blir 0–0 på Elverum. Det sender Elverum opp på toppen av tabellen, i det minste fram til Aalesund 2 og Molde får spelt ferdig sine kampar i pinsehelga. I skrivande stund er Aalesund 2 i leiinga mot Raufoss 2 og vil sannsynlegvis vere tilbake på topp når du les dette. her.

Florø er framleis seks poeng bak Elverum, og ni poeng bak Aalesund 2, på femteplassen. Defensivt ser dei svært solide ut. Offensivt er det framleis mykje å gå på.

Neste kamp er 12. juni, heime mot Hønefoss.