Aksello vil hjelpe det lokale næringslivet ut i verda

SAMARBEID: Seniorrådgjevar Arne Olsen (t.v.) og dagleg leiar Lone Bareksten i Aksello inngått samarbeid med Norsk senter for utvkeslingssamarbeeid (Norec). Her saman med Norecs direktør Jan Olav Baarøy og seniorrådgjevar nettverk, Tormod Nuland (t.h).

SAMARBEID: Seniorrådgjevar Arne Olsen (t.v.) og dagleg leiar Lone Bareksten i Aksello inngått samarbeid med Norsk senter for utvkeslingssamarbeeid (Norec). Her saman med Norecs direktør Jan Olav Baarøy og seniorrådgjevar nettverk, Tormod Nuland (t.h). Foto:

Aksello og Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) har inngått samarbeid. Målet er å få næringslivet på vestlandet ut i verda.

DEL

I starten av mai underteikna næringsutviklingsselskapet Aksello i Florø og Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) i Førde ein avtale om kompetansebygging på næringslivskunnskap og internasjonalisering.

Det skriv Norec i ei pressemelding.

Gjennom denne avtalen skal Norec lære meir om korleis ein kan jobbe med bedrifter på ein best mogleg måte:

– Vi er ein del av norsk utviklingspolitikk, og har tradisjonelt hatt mange organisasjonar som utvekslingspartnarar. Næringsliv i ferd med å bli ein stadig viktigare aktør for utvikling, og for at vi skal nå Berekraftsmåla. Aksello kan næringsliv, og har erfaringar Norec kan trekke på for at vi skal kunne tiltrekke oss bedrifter som utvekslingspartnarar. Samarbeidet med Aksello er eit ledd i vårt arbeid med å få eit godt fundament i vår nye heimeregion Vestlandet, seier Jan Olav Baarøy, direktør for Norec.

– Vi i Aksello har lenge hatt eit ønske om å gjere enda meir for internasjonalisering, eller globalisering, av det lokale næringslivet i vår region. Mange bedrifter er allereie aktive på eksportsida, men fleire kan ha nytte av å bli meir kjend med moglegheitene der ute. Det gjeld både eksport, import og ikkje minst etablering i utlandet. Utveksling av personell er ein fin måte å bli betre kjend på, og samstundes få inspirasjon og nye syn inn i eksisterande verksemd, seier Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello.

Artikkeltags