Det melder selskapet i ei børsmelding torsdag morgon, ifølgje E24.

Funnet skal ha ein brutto storleik på opp mot 90 millionar fat oljeekvivalentar, noko som er nesten det doble av dei opprinnelege anslaga.

Funnet er gjort ved Yggdrasilfeltet, som ligg mellom Alvheim og Oseberg, nordvest for Bergen.

– Vi er ekstremt nøgde med resultatet av denne brønnen. Funnet vil bli evaluert som eit potensielt tillegg til Yggdrasil-utviklinga. Vi ser ytterlegare potensial rundt Yggdrasil og vil i samarbeid med partnarane våre fortsette aktiv leiting i området, seier Per Øyvind Seljebotn, direktør for leting og utvikling i Aker BP, i ein kommentar til børsmeldinga.