Administrasjonen i Kinn meiner 12 etasjar er ein god idé!

Eigarane av Victoria Hotell ønskjer å verkeleg sette fotavtrykk i Florø med å bygge 12 etasjar i samband renoveringa av den austre enden av hotellet. Maks byggehøgde i dette området er fire etasjar, men kommunedirektøren tilrår likevel dei spenstige planane.