Adam vann Stjernekamp

Adam Douglas

Adam Douglas Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

UNDERHALDNING: Adam Douglas, som vi her i fylket har teke litt til oss som vår eigen, vann Stjernekamp laurdag kveld

DEL

Adam Douglas trefte kona si på Havly i Bremanger, og akkurat der vart Stjernekamp vist å storskjerm i kveld. Kona, Kristin Solberg, er frå Bremanger, og dette er staden dei to reiser når dei har fri og skal slappe av. Dette skriv Firda.

I kveldens finale song han mellom anna sin eigen låt: «I Once Was An Honest Guy».

- Ei fantastisk oppleving, sa Adam sjølv etter at han var ferdig med låten.

– Herleg å sjå ein musikar som har skrive ein skikkeleg låt. Det blir ein ekte musikkoppleving, sa Mona Riise.

-Flott eksempel på amerikansk musikkarv. Dette er kjempebra, og ein nyting å høyre, sa Thomas Felberg.

Siste låten

Som sin siste låt i Stjernekamp syng Adam «Try a Little Tenderness» av Otis Redding.

– Ein låt han er glad i og har drøymt om å synge, seier Adam og legg til:

– Eg skal gå all inn, seier han på bremanger-amerikansk.

Mona sa etter at Adam hadde unge sin siste låt i Stjernekamp:

– Eg blei heilt svimmel på slutten, det var så rått. Det er så fint for denne låten har vore sunge i 30 år Det er vanskeleg å synge den. Slik du gjer det, er utruleg bra, det kjenner ein. Det var «herleg» Adam. Eg vil takke for reisa du her gjort her på Stjernekamp.

Vann Stjernekamp

Då namnet til vinnaren vart lese opp viste NRK bilde av kona Krisitn, som jubla med tårer i auga, slik mange av dei andre i publikum også gjorde.

- Dette er heilt utruleg. Tusen hjarteleg takk. Dette er fantastisk. Set utruleg pris på dåke som har stemt meg fram, sa Adam då det vart klart at han hadde vunne.

Artikkeltags