Gå til sidens hovedinnhold

Adam Douglas til Sirkus Bremanger

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Sirkus Bremanger anno 2020 byrjar å ta form. No er Adam Douglas klar for opptreden i sirkusmanesjen.

Svein Arild Vatsø, medarrangør av Sirkus Bremanger, trur nyheita om at Adam Douglas er om bord, vil setje ytterlegare fart i eit allereie godt billettsal.

For mange er nok Adam Douglas mest kjent frå Stjernekamp på NRK., men for bremangerar er den Oklahoma-fødde artisten noko meir, forklarar produsent Vatsø:

- Han er jo gift med vår eiga Kristin Solberg. Og som om ikkje dette var nok; det var faktisk her i Bremanger dei møtte kvarandre, då Adam Douglas hadde sin første spelejobb i Norge under Rockweekend i 2007, skriv Vatsø i ei pressemelding.

Jubelen stod i taket på arrangørkontoret då Adam Douglas sitt management i helga stadfesta at artisen er klar for Bremangerhallen til hausten. Nyheita er også blitt godt motteke blant musikarane i husbandet til Sirkus Bremanger, seier regissør Grete Berntzen

- Adam Douglas vil gjere tre låtar solo og eit par låtar med det eminente husbandet vårt, som vert leia av Dag Øivind Rebnor, fortel Berntzen.

Ho lovar at det ikkje skal sparast på noko i Bremangerhallen 31. oktober, og at det som i 2010 blir ein god miks av både profesjonelle og amatørar.

Arbeidet med å booke artistar held fram utover vinteren.



Kommentarer til denne saken