Å integrere på handballmåten

LUNSJ: Utan mat og drikke duger ikkje dei kommande handballstjernene i Florø Sportsklubb.  Alle foto: Dag Nesbø Frøyen

LUNSJ: Utan mat og drikke duger ikkje dei kommande handballstjernene i Florø Sportsklubb. Alle foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 3 år gammel

Denne veka har Firdaposten Handballskule fylt både idrettssenteret og Florahallen. Og dei mest engasjerte er innvandrarar.

DEL

Vi møter foreldra Fahmi, Mohammed og Abdi torsdag der dei fortel om prosjektet dei har jobba med denne veka.

– Gjennom Norges Selvhjelp for flyktningar organisasjon så har vi jobba mykje med kva vi kan gjere for å integrere borna våre i tradisjonelle norske aktivitetar, seier Fahmi.

Handball har her viste seg ypparleg til dette formålet.

Engasjerte

Mange i miljøet jobba i kulissane for at handballskulen skal fungere. Dei har jobba med å lage lunsj, drive reinhald, opprydding og andre gjer emål som må til.

– Handball som aktivitet har vore midt i blinken, seier Fahmi.

Han fortel det er mange gutar som er engasjert i fotballen allereie, men jentene har til samanlikning ikkje vore like aktive med organiserte fritidsaktivitetar. Fram til no. Og gutane har og kasta seg med i handballen.

– Jentene våre kan ikkje berre vere heime, dei må ut, seier Fahmi.

Kulturelle skiller

Fahmi ser at dei kulturelle forskjellane er der; mellom den kulturen dei kjem frå og den norske. Det er ei utfordring dei jobbar aktivt med heile tida.

– For det første er ikkje handball ein sport i Eritrea, Somalia eller Sudan. Ei heller er det vanleg at jenter og gutar er på aktivitetar i lag. Det opplever vi her som veldig positivt. På handballskulen er det 12 jenter og 11 gutar som deltek og dei storkosar seg, seier leiaren Abdi i organisasjonen.

Ann-Kristin Førde har vore FSK Handball sin kontaktperson på inkludering og integrering i saman med Innvandrarsenteret v/Jorunn Tolo Ness og Flora Kommune v/Frivillighetskoordinator Bente Nilsen.

Morten Mortensen i FSK Handballgruppa ser store moglegheiter opp mot ei satsing på unge med minoritetsbakgrunn. Og Mortensen er klar på at å integrere flyktningar inn i handballen ikkje berre er noko dei ønsker å gjere framover, det er noko dei skal bli verkeleg gode på. Spesielt som fritidsaktivitet for jenter har handballen mykje å tilføre.

For mange med vår kulturbakgrunn er det uvant å sjå jenter og gutar spele noko i lag. No skal jentene våre ut og med!

Fahmi, somalisk far.

Lærer av fotballen

– Fotballen har vore kjempeflinke med å integrere innvandrarar. No skal vi bli minst like gode, seier Mortensen.

– Vi har fått SFE med på laget som hovudsponsor, det gler vi oss stort over, seier han.

Handballskulen har vore ein umiddelbar suksess. Over 170 deltakarar inkludert 45 instruktørar har vore i sving heile veka.

Det er handballspelarar fødd i 1998 til 2001 som utgjer dei fleste av instruktørane. Og sjefen for handballskulen, Jorunn Farsund skryt av instruktørane sine.

Skryt av instruktørane

– Tenåringane gjer ein flott jobb. Ein ting er at dei stiller opp for dei unge i klubben, men dei er også unge sjølve utan verken pedagogisk eller det vi kan kalle lang livserfaring til å handtere mange ulike born. Dei skal ha skryt, applauderer Farsund, som sjølv har jobba fullt for klubben denne veka.

Det som var lett å sjå var at instruktørane var svært populære blant «elevane».

– Dei er kjempegreie, sjølv om vi er litt rampete, seier Ada Marie og Sofie (10). Dei har kosa seg denne veka sjølv om dei helst hadde sett dei ikkje hadde blitt så stive og støle etter «skuledagen». Dei speler begge handball, og storparten av dei som er med kjenner dei ifrå før. – Det er nokre nye som kjem frå utlandet. Og det er kjekt, eg elskar å bli kjent med nye folk slår Ada Marie fast.