Gå til sidens hovedinnhold

94 nye smittetilfelle i går

Leiar ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Bent-Are Hansen, venta fleire positive prøver i tida framover. Og det får han.

I dei oppdaterte tala frå hans laboratorium onsdag er det funne heile 94 nye tilfelle av korona-smitte.

248 prøver er analysert.

Måndag var det berre 11 positive, men då var det også analysert vesentleg færre prøver.

Slik har rapportene frå Helse Førde vore dei siste dagane:

  • Tysdag 28. desember: 211 analyserte prøver, 67 positive
  • Onsdag 29. desember: 120 analyserte prøver, 43 positive
  • Torsdag 30. desember: 142 analyserte prøver, 37 positive
  • Fredag 31. desember - søndag 2. januar: 150 analyserte prøver, 39 positive
  • Måndag 3. januar: 69 analyserte prøver, 11 positive
  • Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive

Talet på innlagde pasientar går opp med ein person, og er no fire. Ein av dei ligg på intensivavdelinga, og er i respirator.

Tala er på ingen måte sikre. Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Og den trenden ser ut til å vere stigande.

Helse Førde har moglegheit til å teste for omikron, men på grunn av kapasiteten gjer dei det berre i liten grad.

– Vi legg opp til å køyre ei runde per veke, der vi tar eit utval av prøver og analyserer dei. Vi er avhengig av god nok kapasitet, men planen er å teste rundt ti per veke, sa Hansen til Firda.

Han la til at sidan omikronvarianten dominerer nasjonalt, vil den truleg gjere det lokalt også.

Kommentarer til denne saken