9.551 registrerte koronatilfelle i Norge – 83 nye siste døgn

Av
DEL

Det var registrert 9.551 tilfelle av koronasmitte i Norge ved midnatt natt til laurdag, viser foreløpige tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Det utgjør ein auke på 83 tilfelle det siste døgnet. Dei siste to dagane er auken på 142 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS).

15 personar var fredag innlagt på sjukehus med påvist koronavirus. Det er éin meir enn torsdag. Det har ikkje vore fleire innlagde koronapasientar på norske sjukehus sidan 3. juli, viser tal frå Helsedirektoratet.

Av dei 15 som er innlagt, ligg to pasientar i respirator.

FHI har registrert 256 koronarelaterte dødsfall her i landet.

(©NTB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken