Smittetalet utgjer ein auke på 28 tilfelle det siste døgnet, ifølgje dei førebelse tala henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS). Dei siste to dagane er auken på 94 tilfelle.
VGs utrekningar viser at trenden er stigande for første gongen sidan 3. april, og han har vore flat sidan 14. mai.
Tolv koronasmitta pasientar var innlagde på norske sjukehus tysdag, to færre enn måndag. Éin pasient får respiratorbehandling, viser tal frå Helsedirektoratet.
FHI har registrert 256 koronarelaterte dødsfall her i landet.
(©NPK)