Frå veke 1 til veke 28 døde 25.179 personar i Noreg. Det er ein nedgang på 872 dødsfall samanlikna med snittet dei siste fem åra, skriv Dagens Næringsliv.
I 2019 døydde i alt 40.684 personar i Noreg. I år er det særleg sterk nedgang i dødsfall blant eldre kvinner.
Professor i samfunnsmedisin og global helse, Johanne Sundby, ved Universitetet i Oslo meiner livsstilsendringane mange har gjort under koronapandemien, kan vere ei forklaring på den reduserte døyinga.
– Dei siste månadene har alle teke betre vare på seg sjølv, men kvinner har kanskje vore ekstra påpasselege med å følgje smitteråd. Det har ein verknad på leveutsikter og døying generelt, seier Sundby.
Ho påpeikar at kvinner oppsøkjer legehjelp oftare enn menn, og er generelt flinkare til å ta vare på eiga helse og førebyggje sjukdommar.
Professoren understrekar òg at nedgangen i talet på dødsfall kan ha noko å gjere med at mange har levd rolegare og med ein mindre stressande kvardag.
(©NPK)