8.522 registrerte koronatilfelle i Norge – opp 18

Av
DEL

(Firda) Det var ved midnatt registrert 8.522 tilfelle av koronasmitte i Norge, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 18 tilfelle siste døgn. Dei to siste dagane er auken på 45 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

I alt 22 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var fredag registrert 238 døde som følge av sjukdommen.

Ingen i Helse Førde sitt område

I Helse Førde sitt område er det ikkje registrert nokon smitta akkurat no.

Det har til saman vore åtte innlagde pasientar, og dei er alle no utskrivne. Dei 38 nye prøvane som var analyserte og som kom svar på fredag, var negative.

Helse Førde har heilt sidan utbrotet oppdatert sine heimesider med tal smitta, nye prøvar og innlagde pasientar ein gong i døgnet.

No er det ikkje registrerte smitta, og Helse Førde sine sider blir ikkje oppdaterte i helgane. Neste oppdatering kjem måndag morgon.

(©NPK)

Artikkeltags