Måndag testa laboratoriet til Helse Førde 129 prøver på jakt etter koronasmitte. Det fann dei i 77 av prøvene.

Det betyr at der er nok ein dag der meir enn halvparten av dei analyserte prøvene er positive.

  • Måndag 17. januar: 76 analyserte prøver, 55 positive
  • Tysdag 18. januar: 388 analyserte prøver, 247 positive
  • Onsdag 19. januar: 340 analyserte prøver, 236 positive
  • Torsdag 20. januar: 157 analyserte prøver, 102 positive
  • Fredag 21. til og med søndag 23. januar: 422 analyserte prøver, 265 positive
  • Måndag 24. januar: 129 analyserte prøver, 77 positive

Kommunane vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene dei tek. Dermed kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn Helse Førde sitt. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Dette er med andre ord ikkje eit komplett bilde, men talet på positive prøver viser likevel over tid ein trend.

Tysdag er det ein pasient som er innlagd med stadfesta smitte av covid-19. Pasienten er på intensivavdelinga, og får behandling i respirator.

I Kinn, Bremanger og Sunnfjord er utviklinga i smitte slik: