Totalt 621 er stadfesta smitta av korona i Noreg. Fem menneske er smitta i Noreg, utan at styresmaktene kan spore opphavet.
Det vart registeret 163 nye smittetilfelle onsdag, opplyste direktør Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet (FHI) under eit møte i Beredskapsutvalet for biologiske hendingar torsdag. Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) var òg til stades på møtet.
Tala folkehelsedirektøren la fram, var oppdaterte ved midnatt.
385 tilfelle er smitte i utlandet, av desse er 119 tilfelle frå Italia og 251 frå Austerrike. Fem tilfelle gjeld lokal smitte som ikkje kan sporast og i tillegg er det 131 smittetilfelle som styresmaktene jobbar med å finne ut kvar kjem frå.
– Vi har testa over 8.000 menneske. Vi er eitt av landa som har testa flest, opplyser Stoltenberg.
Likevel understrekar ho at det framleis er stor uvisse om spreiinga i Noreg.
– Vi veit ikkje kor mange som er smitta, seier Stoltenberg.
Ho sa òg at det var færre nye smittetilfelle onsdag enn tysdag.
Onsdag kveld klokka 18 opplyste FHI at det var 489 registrerte smitta i Noreg, og at det var 212 fleire enn dagen før. FHI har no endra rutinen for oppteljing av smittetilfelle. Medan det inntil i går vart gjort opp status klokka 15 kvar ettermiddag, gjeld tala no frå midnatt til midnatt.
Tala som FHI presenterte på pressetreffet på onsdag er dermed ikkje direkte samanliknbare med dei Stoltenberg la fram torsdag morgon.
FHI varslar ei offisiell statusoppdatering innan klokka 12 torsdag.