– Til ein viss grad har vi måtta tilpasse drifta etter kor mykje folk vi har på jobb, bekreftar Per Røys.

Han anslår at halvparten av dei tilsette på den tekniske sida er ute av spel, 70-80 prosent av formennene og omkring 60 prosent av produksjonsstaben.

– Så det vart mykje no. Vi har prioriterte oppgåver, og elles må vi berre utsette det som kan utsetjast. Men vi er veldig glade sesongen er over!

Røys seier dei klarar seg gjennom onsdagen, og morgondagen ser grei ut. Elles håpar han på at folk skal ha kvikna til over helga.

– Det folk melder om, er at dei har sterk hovudverk og kjenner seg møyre i kroppen første dagen, men at det deretter går forholdsvis fort å over. Vi har likevel sagt til folk at dei skal halde seg vekke i fire dagar.

– Du sjølv, då?

– Eg har stukke av til Egersund, på eit oppdrag for Pelagia, så eg greier meg, humrar Røys.