Måndag var 509 koronasmitta pasientar innlagde på norske sjukehus, 67 fleire enn fredag. Fleire får intensivbehandling, og talet på respirator aukar betydeleg.

Av dei 509 innlagde er 68 innlagde på intensivavdeling, og 29 personar får respiratorbehandling, ifølgje Helsedirektoratet.

276 personar er innlagde i Helse sør-aust, 118 i Helse vest, 79 i Helse Midt-Noreg og 36 i Helse nord.

– Godt rusta

Tala kjem ikkje overraskande på assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

– Vi har sett stigande smittetal i heile landet i byrjinga av februar og veit at det av røynsle tek ein til to veker frå smitten stig til innleggingsstala stig, seier Nakstad til NTB.

Sjukehusa er godt rusta til å behandle pasientar både med og utan koronainfeksjon.

– Hovuddelen av dei innlagde no er langt mindre sjuke enn tidlegare i pandemien og treng ikkje like lang sjukehusbehandling. Derfor belastar ikkje dette helsetenesta like mykje som viss vi hadde hatt 500 innlagde med deltavarianten, seier Nakstad.

Han trur likevel det vil bli ei utfordrande veke for fleire sjukehus, med eit sjukefråvær på mellom 10 og 30 prosent på enkelte avdelingar.

Nye rekordar

Detaljane om dei innlagde frå den siste veka er ikkje klare no, men ifølgje Nakstad er det antakeleg mange av dei innlagde som har ein annan primærdiagnose enn koronainfeksjon.

– Fram til førre veke vart omtrent halvparten innlagde på grunn av korona, og halvparten hadde ein annan primærdiagnose. Utfordringa for sjukehusa er at alle må isolerast, og at behandlingsløpet kan bli komplisert av koronasjukdommen. Men dette blir godt handtert på sengepostane.

Han trur det kan komme nye rekordar i talet på innlagde i vekene framover.

– Vi kan vente framleis høge smittetal i heile landet, men ein gradvis minkande trend på Austlandet, både i smitte og innleggingar. Vi kan få høgare innleggingsstal dei neste vekene, men sannsynlegvis vil det vere regionale forskjellar, seier Nakstad.

(©NPK)