Gå til sidens hovedinnhold

39 nye smittetilfelle i nyttårshelga

Verken pandemien eller dei tilsette på laboratoriet i Helse Førde kviler mykje for tida. I nyttårshelga har dei analysert 150 prøver.

39 av dei viste seg å vere positive.

Innlagde pasientar per dato med stadfesta covid-19-smitte er tre. Ein av desse ligg på intensivavdelinga, og pasienten er i respirator.

Status frå den siste veka er følgande:

  • Fredag 24. - 26. desember: 51 analyserte prøver, 13 positive
  • Laurdag 25. desember: 62 analyserte prøver, 9 positive
  • Søndag 26. desember: 20 analyserte prøver, 9 positive
  • Måndag 27. desember: 11 analyserte prøver, 5 positive
  • Tysdag 28. desember: 211 analyserte prøver, 67 positive
  • Onsdag 29. desember: 120 analyserte prøver, 43 positive
  • Torsdag 30. desember: 142 analyserte prøver, 37 positive
  • Fredag 31. desember - søndag 2. januar: 150 analyserte prøver, 39 positive

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Kommentarer til denne saken