Gå til sidens hovedinnhold

37 positive prøver i går

På årets siste dag rapporterer Helse Førde at dei analyserte 142 prøver torsdag. 37 av dei var postive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend, skriv helsføretaket på sine nettsider.

Den siste veka har rapportane frå Helse Førde sett slik ut:

  • Fredag 24. - 26. desember: 51 analyserte prøver, 13 positive
  • Laurdag 25. desember: 62 analyserte prøver, 9 positive
  • Søndag 26. desember: 20 analyserte prøver, 9 positive
  • Måndag 27. desember: 11 analyserte prøver, 5 positive
  • Tysdag 28. desember: 211 analyserte prøver, 67 positive
  • Onsdag 29. desember: 120 analyserte prøver, 43 positive
  • Torsdag 30. desember: 142 analyserte prøver, 37 positive

Totalt i denne perioden er det altså registrert 183 positive prøver, frå 617 prøver. Det betyr at snaut 30 prosent av dei analyserte prøvene har vore positive .

Det er to pasientar som er innlagd med stadfesta covid-19-smitte. Ein av dei er på intensivavdelinga, og ligg i respirator.

Kommentarer til denne saken