Gå til sidens hovedinnhold

31 nye positive prøver i julehelga

I julehelga, frå 24 til 26 desember analyserte laboratoriet til Helse Førde 164 prøver. 31 av dei viste seg å vere positive.

Sidan 17. desember har dei analysert til saman 1.290 prøver. 191 av dei har vore positive.

  • Fredag 17. desember: 177 analyserte prøver, 28 positive
  • Laurdag 18./søndag 19. desember: 218 analyserte prøver, 26 positive
  • Måndag 20. desember: 17 analyserte prøver, 3 positive
  • Tysdag 21. desember: 399 analyserte prøver, 57 positive
  • Onsdag 22. desember: 122 analyserte prøver, 20 positive
  • Torsdag 23. desember: 193 analyserte prøver, 26 positive
  • 24.–26. desember: 164 analyserte prøver, 31 positive

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Innlagde pasientar som har fått stadfesta covid-19-smitte er i dag tre. To av dei ligg på intensivavdelinga, og ein av dei er i respirator.

Det er til no fire pasientar som har døydd med covid-19 i Helse Førde sidan pandemien starta.

Kommentarer til denne saken